Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Manns minne

I ein artikkel i Klassekampen (18. februar) skriv Assad Nasir ein klok artikkel om kva vi vil med barn. Men når han seier «Det har så lenge jeg kan huske, vært unorsk å ha mange barn», så kan vel dette henge saman med at Nasir er ein relativt ung mann. Sjøl var eg tenåring på 1960-talet og vaks opp i ein søskenflokk på sju. På landsbygda i Noreg var det vanleg med store barneflokkar heilt fram til syttitalet. Utvikling av velferdsstaten, løna arbeid for kvinner og tilgang til prevensjon og sjølvald abort frå 1978, har gjort det mogleg for kvinner i Noreg å avgjere kor mange barn ho vil ha.