Eg har enda ikkje funne ut korleis eg skal klare å knyte alle historiene saman og få dei til å passe inn i éi enkelt greie slik at folk tenkjer på det som ei bok ‘bok‘ BOK», skriv forfattaren Eve Babitz i brev til ei venninne hausten 1972. Ho er under press frå forlaget om å finne ei form på verket som skal bli debutboka «Eve’s Hollywood» (1974). Erik Satie skal ha respondert på komponistvennen Claude Debussy sin kritikk av dårleg form då han kalla verket sitt «Tre stykke i pæreform » . Babitz drøymer om å gjere det same når forlaget masar på henne: Form? Pæreform!
Eve Babitz søkte ei eiga litterær form. For å finne fram til den, skreiv ho eldhuga brev ho aldri sende.