Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Der gardane har kvinnenamn

Namnet Haram har vore mykje oppe i media i det siste i samband med vindkraftutbygging. Den friske vinden på Nordvestlandet har vore til både glede og sorg. Den har gitt framdrift til båtar, men den kunne også gjere ende på dei. Såleis vart sterk vind ein del av forklaringa på dei litt spesielle ekteskapsskikkane som Eilert Sundt fann då han vitja Nordøyane i 1856. Sundt er mest kjend for si forsking på fant og fattigfolk i Kristiania, eit felt han etter kvart utvida til å gjelde allmugen generelt i landet. Besøket på Sunnmøre resulterte i Norges første sosiologiske avhandling «Harham – et eksempel frå fiskeridistrikterne».