Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Skulemjølk

Veka starta med foreldremøte. Rektor, iført heimestrikka ulltøflar, bar inn fleire benkar over hovudet for at alle skulle få sitta, før han starta med eit sitat frå kongens nyttårstale: «Tenk om vi alle hver dag kunne spørre et menneske som kommer i vår vei: Hva kan jeg gjøre for deg? Tenk hva det kunne føre til av gode opplevelser og øyeblikk!», stod det bak han på veggen.