Eg vart glad for Bjørgulv Braanen sitt innlegg om meir song i skulen. At det var ein dansk minister som inspirerte han, var ikkje det minste rart. Danskane ligg eit hakk framfor oss andre skandinavar når det gjeld å nytta song i sosiale samanhengar. Mange gonger har eg opplevd at danskane stemmer i, og ofte har dei eit hefte med populære songar i bakhand. Ein innsendar protesterer, og vil ikkje ha tvangspugging av salmevers i skulen. Dette er ei avsporing til ein heilt annan diskusjon. For kva har ikkje songen gitt meg gjennom livet? I folkeskulen starta dagen med song: Den fyrste song eg høyra fekk , og slutta med song: Fager kveldssol smiler . I realskulen var det song i tysktimane: In einem kühlen Grunde , i engelsktimane: Carry me back to old Virginia , i franktimane på gymnaset: Allons enfant de la patrie . Så kom 1960 og -70 åra med visebylgje og norske og svenske viser: Tänk at jag dansar med Andersson, Jag väntar vid min Stockeld, og Ola Tveiten med Lillebjørn Nilsen. Så vart det tiår på tiår med korsong, mannskor og blanda kor. Og mangfaldig repertoar: folkeviser, klassisk, religiøst, profant i ei herrleg blanding, frå Norge og Europa, frå Sør-Afrika, Cuba og Amerika.
Hurra for songen!
DebattSong