Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kvifor er ikkje fiskeindustrien eit tema for norske film- og tv-drama?

Svart filmhav

Sjå til Island: Gísli Örn Garðarsson og Nína Dögg Filippusdóttir i «Mørk hamn». Foto: NRK

I nettspelaren til NRK ligg den islandske dramaserien «Mørk hamn» (Verbúðin, 2021). Miniserien, som vart svært populær i heimlandet, handlar om islandsk fiskeri og fiskeripolitikk. Om du vil slutta å lesa no, kan eg raskt referera NRKs tabloide, men ikkje urimelege omtale av serien: «Colombia har kokain, Afrika har gull, Island har fisk».