Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Røynda bak slagordet

Diskusjonen om det noverande ukrainske statsprosjektet sin karakter og historie går sin gang her i avisa, og Jonas Bals gjentek sin nokså radikale tolking av dette som eit antifascistisk og nærmast revolusjonært prosjekt på line med den andre spanske republikken under Folkefronten. Som ledd i dette, avskriv han forteljinga om helsinga «Slava Ukrayini» sin kopling til Stepan Bandera og OUN [Organisasjonen av ukrainske nasjonalistar, red.anm.] som russisk propaganda. Då kan det vere opplysande å sjå korleis ukrainarane sjølve har fortalt denne soga.