«Livet er plutseleg», sa min gode venn, han heldt tale for oss nyårskvelden. Ein overmåte god tale, der ingen heilt skjøna kor det bar, så underfundig og overraskande fall orda. Men vi kjende han så godt frå slike stunder før, vi heldige, venneflokken som sat benka kring det vakre festbordet. Vi gledde oss til bråkasta i framføringa hans. Visst skulle vi snart le? Litt skadefryd, kanskje? Litt grøss og litt sjokk! Og desserten til slutt – den gode ettertanken som kloke ord kan utløyse.
Plutseleg
Akkurat nå