Solvej Balle
Om utregning av romfang 2
Roman
Omsett av Trude Marstein
Forlaget Press 2022, 240 sider
Romanverda utvidar seg i det andre bandet av Solvej Balles stillferdig storslegne sjubandsserie «Om utregning av romfang». I det første bandet møtte vi Tara Selter, gift med Thomas og kollega med han i antikvarparet T&T Selter. Tara vaknar til 18. november på ny og på ny. Medan menneska rundt henne lever kvar 18. november som om det var deira første, har Tara både minne og medvit om den stadig lengre rekkja av gjentakande 18. novemberdagar. I opninga av andre bok har det gått eit år og nokre dagar i Taras tidsrekning, slik ho skriv den ned i notatboka si, stundom dag for dag, men ofte med sprang over dagar og veker. Tara har etterlate Thomas heime i huset deira i den fiktive nord-franske byen Clarion-sous-Bois. Ho har lagt ut på reise, ikkje til ein spesifikk destinasjon, men ut i Europa for å vinne årstidene attende.