Eks
Rogaland Teater
Av: Marius von Mayenburg
Regi: Øystein Martinsen
- Rogaland Teater fekk i 2014 to Heddaprisar for «Perpleks» av Marius von Mayenburg. Med haustens oppsetjing av «Eks» av same forfattar er dei nå på same høge nivå. Det er ei intens, attkjenneleg, humoristisk og litt trist historie om kva som skjer når eit tilsynelatande vellukka par får uventa besøk av eksen til den eine. I den overtydande regidebuten til Øystein Martinsen gir han oss eit tett kammerspel utan daudpunkt, der dei tre skodespelarane Svein Solenes, Mari Strand Ferstad og Mareike Wang får briljere i tolkinga, og utleveringa, av menneske og karaktertrekk vi kjenner så altfor godt.