Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Verda slik Gabriel såg henne

Marquez ved skrivemaskinen i 1968. Foto: NTB

Det meste av journalistikk er ferskvare, i mykje større grad enn noko anna form for tekstlege sjangrar. Ein medrivande krimreportasje frå 2011 er kjedeleg å lese i dag, fordi han har mista den nerven som heile forteljinga lena seg på den gongen. Sjølv om journalisten har gjort ein god jobb i å byggje opp teksten, så vil skildringane som framstod som livlege og uventa den gongen, vere platte i dag. 2011 har ingenting å tilby oss.