Du kan bla til neste sideBla med piltastene

På Abrahams tid var Betlehem langt meir grøderikt enn i dag.

Et barn er født i Brød-grenda

Kva har Bjørgulv og Betlehem til felles? Den første bokstaven. Og dét er ikkje lite. For dei to første bokstavane i alfabetet vårt ber dei to namna me alle kjenner – alfa og beta. Slik har historia gitt oss ordet alfabet. Difor har me omtalen A-lag og B-lag, der mange oppfattar ‘B-lag’ som ‘dårleg lag’. Det er ikkje rett. Eit B-lag er nest best; det er nummer to – ikkje sist. Ein alfa-hann er leiaren i ei gruppe av dyr (eller menneske). Han står først og er fremst. Nåde den som utfordrar.