Jørund Falkenberg Aases utstilling «Blindspor og sprang (Noen ganger må du gå deg vill for å finne sang)» vises hos Sandnes kunstforening til 18. desember.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Mot i brystet eller vett i panna?
I dag
Som pensjonist har eg fått stor sans for sykkelturar i fjerne og eksotiske land. Problemet er at vegstandarden varierer og ikkje alltid er tilpassa overmodige pensjonistar. Her om dagen vart eg minnt om dette av ein sykkelturist som hadde opplevd det samme som eg. Begge hadde vore på sykkeltur på Kuba. Der er det ein bakke som kallast The American Hill. Nedst i vegen var (og er?) det eit stort hol som kjem litt brått på syklistar i stor fart, og begge to fekk nærkontakt både med asfalt og det kubanske helsevesen. Ho hamna fleire dagar på sjukehus med beinbrot både her og der, mens eg etter eit rundkast i lufta, nokre skrubbsår og ei flenge i panna vart kjørt til eit lokalt sjukehus.