Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Den islandske julebokfloda blir alltid omtala i ein formanande tone.

Ei syndeflod av bøker

ARK: Etter 40 dagar kom Noahs ark seg i sikkerheit på Araratfjellet, her i Simon de Myles framstilling frå cirka 1570. ILLUSTRASJON: GETTY IMAGES

Bokfolk i Island er midt i høgsesongen no, både forfattarar, forleggjarar og lesarar. Dei aller fleste innbundne bøkene på Island kjem ut på hausten og blir selt i vekene fram mot jul. Sesongen har tradisjonelt vore kalla «julebokfloda», og blir følgd med stor interesse av medier så vel som av vanlege lesarar. Nylig skreiv den islandske avisa Fréttablaðið om sjølve ordet, og fann fram til den første bruken av det i eit tidsskrift frå 1949: «Dette år var julebokfloda større enn nokon gong og inga demning kunne stoppe den». Det er alltid ein formanande tone når denne floda blir omtala.