Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kva er det som får ein gjeng høgt utdanna menneske i godt betalte jobbar til å tru at dei skulle kunne lukkast med statskupp i Tyskland?

Dag X

POLITI OG PRINS: Den 71 år gamle aristokraten Heinrich Reuss vart gripe i ein stor politiaksjon i Tyskland denne veka, skulda for å planlegge eit statskupp. Foto: Boris Roessler, Ap/NTB

Ein 71 år gamal prins, ein dommar med fortid som forbundsdagsrepresentant for ytre høgrepartiet Alternativ for Tyskland og ein tidlegare oberst i Bundeswehr var blant dei involverte i ein konspirasjon som hadde statskupp i Tyskland som mål. Denne veka vart dei stoppa i det som ifølgje radiokanalen Deutschlandfunk er den største politiaksjonen i forbundsrepublikken Tyskland si historie. Kva er det eigentleg som får ein gjeng høgt utdanna menneske i godt betalte jobbar til å tru at dei skulle kunne lukkast med noko slikt?