Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Akkurat nå

Internett

På morgonen i går gjekk det ein reportasje om eldre, gjerne med andre språk enn norsk som morsmål, som sleit veldig med teknologien, på radioen. Alt er på internett, men ikkje alle er på internett.

Same dagen skulle eg tinge ei overnatting gjennom tenesta Airbnb. Det viste seg at eg måtte legitimere meg gjennom appen med pass, som for det første overraska meg, og eg hadde ikkje passet med meg, og for det andre gjorde meg ganske skeptisk til å sende eit bilete av passet mitt til eitt eller anna stort firma i Silicon Valley. Men hotellet der eg var på veg, opna ikkje før sesongen tek til i mai, så eg må berre gjere det slik.

Først måtte eg skunde meg heim att for å hente passet. Andpusten og sveitt med ein masete og kosesjuk pus mjauande attmed meg leitte eg febrilsk i det området eg meinte passet var. Eg kom på at det hadde eg jo i sekken, så eg hadde ikkje trunge å stresse slik likevel.

Eg kom meg inn att til byen i tide til ekspressbussen over fjellet austover. Mobilkameraet mitt er knust, men det tek ikkje dårlege bilete. Utanom i den avstanden eg måtte halde passet i, viste det seg, for då fokuserte ikkje kameraet. Hen eg bestilte frå, byrja å bli utolmodig. Eg kom på at eg hadde eit nettbrett i sekken. Redninga! Sett vekk frå at det var flatt batteri. Ein halvtime seinare hadde eg fått lada det litt, men det er ikkje lett å halde eit nettbrett i éi hand og ta bilete.

Eg sat på den humpete bussturen og håpa på at bussen skulle stoppe ein stad. Det viste han ikkje teikn til å gjere. Ja, ja. Eg kunne sende inn reiserekning i mellomtida. Om eg berre hugsa passordet. Etter mykje om men, like før eg spurte om å låne telefonen til ein av dei få andre passasjerane, fekk eg det til. Overnatting bestilt.

Det er eit styr med teknologien. Eg kan berre gle meg til eg vert gamal i tillegg. De har all min sympati!

I mars forsøkte en kvinne fra Texas å krysse grensa fra Mexico til USA, skriver CNN. Grensevaktene bemerket seg en boks med hull i, som kvinnen hevdet inneholdt øl fra Mexico. Men da vaktene åpnet boksen, fant de en levende ape. I november innrømmet kvinnen at hun hadde smuglet apen inn i landet, med planer om å selge den. Snakk om apestreker.