Holy Spider
Danmark, 2022
Regi: Ali Abbasi
Manus: Ali Abbasi, Afshin Kamran Bahrami
Thriller, 1 t. 55 min., kino
I mai fekk Zar Amir Ebrahimi skodespelarpris i Cannes for si innbitne tolking av ein sanningssøkjande, iransk journalist. Ho jaktar ein seriemordar som herjar blant prostituerte, utan at politi og styremakter gjer kva dei kan for å stansa illgjerningane. Journalisten Rahimi er skapt av manusforfattar og regissør Ali Abbasi, men «Holy Spider» er basert på ei verkeleg hending frå tusenårsskiftet. Ein religiøst motivert mann drap då 16 kvinner i pilegrimsbyen Mashhad, ein stad der religiøse tema er høgsensitive.