Velkomen til ei ny oppdatering her i spalta i soga om at eg held på å ta sertifikatet. For å kunne køyre opp må ein levere inn helseattest. Det er ei eigenerklæring om helse og ein attest frå optikar som testar sidesyn og slikt, sånn at ein ikkje er ei fare i trafikken. Eg ser ikkje særleg godt, så eg må ha briller for å køyre bil. Det er ikkje eit veldig stort problem, for eg må óg ha briller for å finne utgangsdøra frå leilegheita. Eller linser, då, som er det eg bruker.
Kult
Akkurat nå