Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kate Beaton viser mønstre som må verte brotne om vi skal ta vare på livsgrunnlag og menneskeverd.

Bruk og kast

MONOTONI: Kate Beatons bok skildrar industrimaskineri og preglause brakkelandskap. ILLUSTRASJON: KATE BEATON
Teikneserie

Kate Beaton

Ducks. Two Years in the Oil Sands

Teikneserie

Drawn & Quarterly 2022, 438 sider

Okay,» seier Kate Beaton, hovudpersonen i «Ducks. Two Years in the Oil Sands » , som også er forfattaren av teikneserien, idet ho har sett seg ned på brisken i sitt nye rom i Long Lake, om lag ein tredel ute i boka. Ho har vore i Syncrude Aurora, og skal snart reise til Albian Sands, men no er det naudsynt for henne å summe seg litt. For trass i den smått poetiske klangen i desse namna, er ikkje Beaton komen for å feriere, men for å arbeide i oljesandgruvene nordaust i Alberta i Canada, der storparten av «Ducks » går føre seg. Det skal vise seg å vere mange grunnar til å stålsetje seg for tilreisande arbeidsfolk – særleg for dei kvinnelege.