Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Er Raudt eit demokratisk parti?

Nyleg kom meldinga om at ein fylkestingsrepresentant for Raudt måtte trekke seg frå gjenval etter at partileiaren hadde åtvara mot han. Den same representanten var tidlegare pressa til å trekke seg frå landsstyret i Raudt. Brotsverket hans var at han sit i styret for Mot Dag AS, som driv Steigan.no. Denne nettstaden har etter invasjonen i Ukraina blitt utsett for ein enorm kampanje frå medium og politikarar. Brotsverket til Steigan er at han blant kjelder frå heile verda også har gjengitt russiske kjelder. Slikt gjør ein ikkje ustraffa når Nato er på krigsstien. Spørsmålet er da kvifor Raudt ønsker å delta i denne kampanjen.