album
Kygo
Album
«Thrill of the Chase»
RCA/Sony
Etter å ha høyrt gjennom «Thrill of the Chase» eit utal gonger – fordi alle jobbar krev sine offer – knip eg auga saman og tenker: Kva hugsar eg frå dette? Svaret er: stort sett ingenting. Men eg kjenner noko. Og det er irritasjon. For Kygo, med sin unektelege musikalitet, har berre kokt saman nok ein smaklaus tyggismasse. Ikkje smaklaus som i vulgær, men som i bokstaveleg tala utan smak. Plata varar og varar, utan å ein einaste gong ville noko, utan å pirka borti ei einaste nerve, ikkje eingong ha-det-gøy-nerven.