Dei færraste verken kan eller bør flytte til Sveits. Men vil du ha meir fridom, bør du vurdere å flytte ut av byen. Eg har ikkje rekna på kor mykje eg betalar i skatt no, jamført med kor mykje eg betalte då eg budde i by. Det er ikkje det som er poenget, verken i denne teksten eller i livet. Det som tel, er fridommen. Fridommen til å kjenne seg trygg, men samstundes få brukt seg sjølv. Til å skape sine eigne omgjevnader og forme sitt eige liv.
Dei færraste verken kan eller bør flytte til Sveits. Men du kan flytte ut av byen.