ØKONOMI: I går sette Noregs Bank opp styringsrenta til 2,5 prosent. – Mange hushald får ein strammare økonomi. Høgare renter gir høgare lånekostnader for dei som har gjeld. Kjøpekrafta blir også svekt av den høge prisveksten, sa sentralbanksjef Ida Wolden Bache. Ho seier Noregs Bank har forståing av at rentehevingane kan vere krevjande for nokon. – Men dei fleste norske hushald har økonomi til å handtere auka utgifter. Renteoppgangen ser ikkje ut til å stanse med det første. Prognosen frå september indikerte at den kunne auka til rundt 3 prosent i løpet av vinteren, og at bustadlånsrenta etter kvart kunne komme opp i litt over 4 prosent, sa Bache. ©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene