Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Utstyrer alle fartøya med dronar

TIL HAVS: Kystvakta vil snart ha dronar på alle fartøya sine. Ifølgje sjefen for Kystvakta har dei no over 50 dronepilotar. Det har den siste tida vore fleire droneobservasjonar, mellom anna langs heile den norske sokkelen og ved kritisk infrastruktur. Det er politiet som har ansvar å gripe inn mot ulovleg droneflyging, men det er Kystvakta som rykkjer ut ved dronehendingar til havs. Kystvakta ønskjer ikkje å oppgi kor mange dronar dei har, mellom anna fordi dei er midt i ein innfasingsperiode, skriv Forsvarets Forum. – Vi har operert med dronar i fleire år og har over 50 dronepilotar, seier sjef for Kystvakta flaggkommandør Oliver Berdal. ©NPK