BETALE DYRT: 38 dyrepleiarar og klinikkassistentar i Oslo og Bergen går ut i streik frå torsdag om ikkje meklinga mellom Fagforbundet og NHO Mat og drikke fører fram. Partane møtest til mekling onsdag etter at Fagforbundets medlemmer sa nei til ny overeinskomst i ei uravstemming. Fristen er natt til 3. november. Om partane ikkje blir samde, vil 38 medlemmer i Oslo og Bergen gå ut i streik frå torsdag, melder Fagforbundet. Då vil Anicura dyreklinikk Ekeberg, Anicura dyresjukehuset Oslo, Evidensia Smådyr, Evidensia Oslo Dyresykehus, Evidensia Groruddalen Dyresykehus, Evidensia Volvat Dyreklinikk og Anicura dyresjukehuset Bergen bli ramma. ©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene