Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Rytmisk: Pedro Carmona-Alvarez sine dikt krev at du gir slepp på pretensjonen om å forstå.

Følg straumen

SPRÅKSTRAUM: Pedro Carmona-Alvarez skriv poetikk og essayistikk i dikts form. FOTO: PAUL S. AMUNDSEN
Amundsen, Paul S.

Pedro Carmona-Alvarez si nye diktsamling er ikkje publisert hos hans vanlege forleggar, men på det smale indie-forlaget H/O/F (House of Foundation). Boka er utgjeven i høve Møllebyen litteraturfestival (26.-27. august), og sentralt står tekstar der forfattaren reflekterer over korleis han meiner dikt skal vera, samstundes som dikta òg er døme på denne måten å skriva på.

Build env: production, running in production mode, Sanity: production