Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Har kutta straumforbruket kraftig

STRAUM: Hushald i Sør-Noreg kutta straumforbruket kraftig i september samanlikna med same månad dei to tidlegare åra. Aller mest har folk kutta på hytta. Kvar månad publiserer analyseselskapet Elhub tal for straumforbruket, fordelt på sektorar og prisområde. Dei nyaste tala viser at straumforbruket i landet under eitt, fall med cirka 2 prosent i fjor, til 8,8 TWh, skriv Europower. I hushald i Sør-Noreg fall likevel forbruket langt meir. Forbruket korrigert for sesong har falle med heile 16 prosent. Sør-Noreg hadde også dei klart høgaste straumprisane. I fritidsbustader har forbruket falle endå meir, ned 25 prosent på eitt år og 37 prosent målt mot 2020. ©NPK