Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gjekk glipp av 40 millionar kronar

SKULE: 180.000 vidaregåandeelevar har kvart år rett på utstyrsstipend. Førre skuleår gjekk 20.000 av desse glipp av til saman 40 millionar kroner i stipend. – Vi veit ikkje kvifor nokon lèt vere å søkje om utstyrsstipend. Eg oppmodar alle til å søkje på dette stipendet, som alle med ungdomsrett på vidaregåande har rett på, seier administrerande direktør Morten Rosenkvist i Lånekassen i ei pressemelding. Utstyrsstipendet skal gå til nødvendig utstyr. Kor mykje ein får, avheng av studieretninga. I fjor betalte Lånekassen ut 322 millionar kroner i utstyrsstipend. I forslaget sitt til statsbudsjett har regjeringa foreslått å auke satsane for stipendet. ©NPK