Snyltarkulturen lir skipbrot i «Triangle of Sadness», men satiren trugar òg med å kollsegla.
(Sverige, 2022)
Regi og manus: Ruben Östlund
Med: Harris Dickinson, Charlbi Dean, Woody Harrelson
Sjanger: Satire
Lengde: 2 t. 27 min.
Vist på: Kino
«Det er usexy å snakka om pengar», seier fotomodellen og instagrampåverkaren Yaya (Charlbi Dean) tidleg i «Triangle of Sadness». Replikken fell i ein offentleg krangel om ei restaurantrekning mellom Yaya og hennar modellkjæraste Carl (Harris Dickinson). Når kelneren legg den (etter miljøet å døma svært høge) rekninga på bordet, gløttar Yaya berre opp frå mobilskjermen og seier «takk, kjære» over bordet.