Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Det er enno ein svir å sjå forfengelege legar og direktørar avkledde.
Mindre satire, meir absurditet
(Riget Exodus, del 3, Danmark, 2022)
Serieskapar: Lars von Trier.
Med: Bodil Jørgensen, Lars Mikkelsen, Mikael Persbrandt, Nicolas Bro, Tuva Novotny, Nikolaj Lie Kaas, Ghita Nørby, Søren Pilmark, Birthe Neumann, Udo Kier, Ida Engvoll, Alexander Skarsgård.
Sjanger: Satire/skrekk.
Lengde: 5 x 1 time.
Vist på: Viaplay.
Eg har gjort mitt beste, og sjølvsagt vil alle krevja meir, seier Lars von Trier over rulleteksten til første episode av «Riket Exodus», og, ja, sjølvsagt har den allvitande forteljaren og serieskaparen rett også i dette. Å vekkja til live 1990-tals tv-drama er oftast ein førehandsdømd fiasko, å laga eit siste kapittel på ein ny-klassikar som Triers formmessig og tematisk banebrytande «Riget» (1994,1997), er direkte dumdristig. Likevel er det med ei sitrande glede ein vender tilbake til det heimsøkte Rikshospitalet i København. «Riket Exodus» vil kanskje ikkje skaffa serien nye og yngre tilhengjarar, men det er ei stadfesting av statusen til den visuelt radikale originalserien, at dei (nærast bokstavleg) sjukeleg gule og kornete, men også plastiske videobilda framleis er verkar «friske». Om ein kan bruka eit slikt ord om «Riket».