Agentar mot nord
Detaljrik: Nok ein heilstøypt og ambisiøs serie om duoen Krüger og Krogh.


Bjarte Agdestein, Endre Skandfer og Ronald Kabíček
Krüger & Krogh 3 – Nord og ned del 1
Teikneserie
Strand forlag 2022, 80 sider
Serieskapartrioen Agdestein, Skandfer og Kabíček har fått mykje ros sidan det første albumet om den topphemmelege organisasjonen Avsnitt For Mellemliggende Anliggender (AFMA). Dei spelar sjølvsikkert ut 1960-talet i fransk-belgisk stil, og nostalgi for begge deler står sterkt her i landet. Presisjonsnivået har vore skyhøgt heile tida: For serieskaparane er det viktigare at alle detaljar blir rette enn at albuma skal kome fort ut. Når dei no gir ut den nye forteljinga i to delar, er det godt dei forsikrar om at neste og siste del av historia alt er i produksjon.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent