Då eg var ung, blei eg ofte flau. Til dømes har eg ofte gremja meg over korleis eg reagerte den gongen eg som 18-åring blei spurt om legitimasjon for å kjøpe øl på daglegvarebutikken like ved der eg budde på hybel. Eg reagerte slik: Eg himla med auga og sukka oppgitt, før eg med stor, demonstrativ møye leita fram det fem månader gamle sertifikatet mitt, der det svart på rosa sto at eg berre var få månader unna å fylle nitten. Kvifor eg reagerte slik på å bli spurt om å vise legitimasjon, klarer eg ikkje lenger å framkalle, men det er i alle fall sikkert at eg ganske raskt skjønte kor dumt dette tok seg ut, slik at eg i mørk skamkjensle unngjekk denne daglegvarebutikken for evig og alltid.
Kvinne, gløym din kropp!
Du har berre godt av å bli litt usynleg for deg sjølv
Signert