Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Heltar

Heime hjå oss har me minst éin god grunn til å ikkje seie opp Klassekampen: Solveig Aareskjold. Det er ikkje få av hennar salte kommentarar som har fått henge på kjøleskapet og/eller er blitt sendt vidare til venner. Så òg kommentaren hennar om Georg Johannessen (24. september) – den sende eg vidare til ei venninne, ikkje fordi nokon av oss har noko som helst forhold til Johannessen, men fordi me har eit forhold til den typen Aareskjold skildrar: det mannlege ikonet.