Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det endelege valet

Ein kreativ og nyskapande vri på Henrik Ibsens drama om verkeleg valfridom.

Nordland Teater i samarbeid med Convoi Exceptionnel

Fritt etter Henrik Ibsen m. fl.

Manus: Astrid Hansen Holm og Jon R. Skulberg.

Regi og lysdesign: Jon R. Skulberg.

Scenografi og kostyme: Maja Ziska.

Komponist og lyddesign: Julie Østengaard.

Med: Kirsti Torhaug, Anne Kokkinn, Linda Brean Mathisen, Anne Wiig og Sven Johannessønn Henriksen.

Ein del av den konkrete tematikken i Henrik Ibsens nåtidsdrama er i dag utdatert. I «Fruen fra havet» er det store spørsmålet om Ellida Wangel har fridom til sjølv å velje å gå ut av ekteskapet med Dr. Wangel. I dag er slikt ikkje spesielt kontroversielt.