Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Poetisk sanning: Werner Herzogs romandebut fortel den spektakulære historia om Hiroo Onoda.

Krigen som ikkje fanst

GÅTEFULL: I 1974 kom soldaten Hiroo Onoda ut av den filippinske jungelen han hadde gøymd seg i sidan den andre verdskrigen. FOTO: JIJIPRESS, AFP/NTB JIJI PRESS

Det var i februar 1974 at eventyraren Norio Suzuki landa på den filippinske øya Lubang, der han etter kvart fann Hiroo Onoda i jungelen, og fekk verda hans til å rase saman. Møtet mellom dei to japanske mennene er skildra tidleg i Werner Herzogs «The Twilight World», som både av forlag og forfattar er kalla ein roman, trass i at forteljinga er forankra i ei utruleg, men sann historie: Onoda hadde levt i jungelen på Lubang sidan han vart stasjonert der under andre verdskrig – ein krig han nekta å tru var over, også då Suzuki fann han nesten tre tiår seinare. Han hadde følgt ordre, trass i alle teikn på at krigen var over: flygeblad og meldingar avspelt frå høgtalarar vart avfeia som amerikansk propaganda.