Du kan bla til neste sideBla med piltastene
IdéerIdentitet

Det som held meg fast

Jo eldre eg blir, jo oftare undrar eg over kva det er som gjer at det samiske er så viktig for meg, skriv Sigbjørn Skåden.

IDENTITET: Forfattar Sigbjørn Skåden om den nære tilknytinga til det samiske språket – som ikkje er førstespråket hans. Foto: Linda Bournane EngelbertH Stiftelsen Bjorka

Eg ser meg sjølv i spegelen. Eg er og blir same. Men eg undrar meir over meg sjølv jo eldre eg blir. Eg undrar over den delen av meg som så ubøyeleg tenkjer at han er same. Kva er det eigentleg som held meg fast? Kva i meg er det som held fast ved det å vere same? Eg vaklar ikkje, ikkje tru det. Eg berre spør. Eg er min eigen djevelens advokat. Eg forstår jo korleis det kan sjå ut. Med mitt kvite andlet, mitt hardingfelenamn, mitt norske førstespråk, og mitt mannlege snart middelaldrande kulturmiddelklasseliv i Nord-Noregs største by: Kva er det som gjer meg til minoritet? Kva er det som gjer at eg held fast ved å vere det?

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?