Hamsuns forteljarstemme er overraskande godt formidla.
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: Knut Hamsun
Dramatisering: Verk Produksjoner ved Fredrik Hannestad og Saila Hyttinen
Regi: Fredrik Hannestad
Med: Håkon Mathias Vassvik, Madalena Sousa Helly-Hansen, med fleire
Om snaue to veker er det 80 år sia Trøndelag Teaters første sjef, Henry Gleditsch, blei avretta som sonoffer av den tyske okkupasjonsmakta. Det er difor forståeleg at den nazi-sympatiserande Knut Hamsun ikkje har vore på repertoarliste til seinare teatersjefar. Men sjølv om alt ikkje er gløymd, og det slett ikkje er gått 100 år, set teateret nå opp «Markens grøde». Romanen frå 1917, som gav Hamsun nobelprisen i 1920, er berre dramatisert og sett opp tre gongar tidlegare i Norge, alle i løpet av dei siste 20 åra.