Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Start med infrastrukturen!

JORDFEIL, NÅ IGJEN: Infrastrukturen på jernbanen syng på siste verset – særleg rundt flaskehalsen Oslo S. Det kan politikarane gjere noko med, skriv forfattaren. FOTO: ØRN E. BORGEN, NTB Ørn E. Borgen

I tida før privatiseringa av jernbanen, då alt av persontog var NSB, prata folka på jernbanen om infrastrukturen. At det var den som var problemet. Men ein skulle på død og liv teste dette med privatisering likevel, framskunda av idealistar frå Høgre og Frp vart fragmenteringa av tog-Noreg eit faktum. Og går toga oftare og til rett tid og pris? Nja.