Ei uvanleg poetisk og sanseleg oppleving, trass i ei haltande historie.
Trøndelag Teater, hovudscena
Av: Tyra Tønnessen og Gjermund Larsen.
Regi: Tyra Tønnessen.
Komponist og arrangør: Gjermund Larsen.
Scenografi og kostyme: Leiko Fuseya.
Koreograf: Kristin Hjort Inao.
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien.
Musikalsk leiar: Åsmund Flaten.
Med: Sunniva Du Mond Nordal, Ingrid Bergstrøm, Snorre Ryen Tøndel, Madeleine Brandtzæg Nilsen, Tor Ivar Hagen, Karl Bekele Steinland, m. fl.
Havet har til alle tider vore gjenstand for menneskas fabulering og fantasi, og ingen av elementa er rikare på metaforar. Det er den delen av kloden vi veit minst om, og samstundes som det er eitt av dei største spiskammera våre, pumpar vi det fullt av avfall og gift. Det er i dette spennet at dramatikar og regissør Tyra Tønnessen har dikta sitt eige fabulerande eventyr, «Havfruen», ein familiemusikal som hadde premiere på Trøndelag teater laurdag.