Av: Matilde Holdhus og Mathias Luppichini.
Regi: Jostein Kirkeby-Garstad.
Scenografi og kostyme: Dagny Drage Kleiva.
Lys: Trygve Andersen.
Koreografi: Jane Victoria Harley.
Med: Glenn André Kaada, Mareike Wang, Kim Fairchild, Even Stormoen, Nina Ellen Ødegård, Mari Strand Ferstad mfl.
Rogaland Teater feirar 75 årsjubileum og gjer det med eit skråblikk på at det kan vere 1150 år sia Harald Hårfagre samla landet til eitt rike. Matilde Holdhus og komponisten Mathias Luppichini har skrive sin eigen versjon av historia om nasjonssamlinga, «Hårfagre – en skrønike». Dette er teaterets største satsing til nå, og i lånte lokale i Stavanger konserthus, byens storstove, rullar dei ut ein musikal som truleg vil få rogalendingane til å gå mann av huse.