Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Maktens ringer», nett-troll, strøymegigantar, kulturkrig og sjåarjakt.

TV-kulturens OL-ringar

KROSSFARAR: Galadriel (Morfydd Clark) i full rustning i «Ringenes Herre: Maktens ringer». FOTO: AMAZON STUDIOS

Kan det bli noko anna enn kitsch når Tolkien skal brukast til å vinna sjåarane?

(Lord of the Rings, The Rings of Power sesong 1, USA, 2022)

Serieskaparar: J.D. Payne & Patrick McKay

Med: Morfydd Clark, Markella Kavenagh, Robert Aramayo med fleire Sjanger: Fantasy

Lengde: 8 episodar à 66 min

Vist på: Amazon Prime

Amazon si lansering av «Ringenes Herre: Maktens ringer» har likna ei internasjonal sportshending. Gong på gong, og ofte med entusiasme, har journalistar gjort jobben for PR-avdelinga og repetert at dette er tidenes største og dyraste tv-serie, at han utforskar forhistoria til nokre av dei mest suksessrike kinofilmane nokon gong og er lausleg basert på bøkene til ein av 1900-talets mest ikoniske eventyrforfattarar.

<i>Meldinga er basert på berre to episodar.</i>