November, november
Stillferdig: Solvej Balle skaper stor spenning på små flater.


Solvej Balle
Om utregning av romfang 1
Roman
Omsett av Trude Marstein
Forlaget Press 2022, 212 sider
Før sommaren kom Hervé Le Telliers «Anomalien» (2020) ut på norsk til stor begeistring frå autofiksjonstrøytte kritikarar. Romanen kretsar rundt ei flyging som fordoblar seg under heftig turbulens over Atlanteren. Passasjerane sine dobbeltgjengarar landar med same fly tre månadar seinare. I sjangerleikande kapittel skildrar romanen menneskelege og filosofiske implikasjonar ved å møte seg sjølv i døra – i avvikande versjon.
Tre månadar etter «Anomalien» kjem første bok i Solvej Balles sjubandsverk «Om utregning av romfang» ut på norsk – ein romanserie som på heilt andre vis sløkkjer tørsten etter spekulativ litteratur. Dei tre første banda er ute i Danmark og nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Første bok kjem såleis til Norge med renommé: Balle var ein viktig figur i dansk 90-talslitteratur, med minimalistiske bøker som det etter kvart blei færre av. Ho har arbeidd med dette verket i 35 år, dei siste 20 på øya Ærø sør for Fyn.
Bøkene er utgitt på eige forlag med enkle, nydelege hefta omslag i matte fargar, utan forfattarbio og -bilete, baksidetekst eller andre forstyrringar. Det same kan ikkje seiast om den norske utgåva, som er prega av skrikande blurbs og skarpare fargar, forklarande tekstar og eit, vel, litt mislukka Möbiusband. Men omsetjinga til Trude Marstein er ryddig og god. Eg las første bok på norsk, heldt fram med andre på dansk, og opplever å ha vore i same univers.
Så er det òg eit særprega romanunivers lesaren går inn i. Frå starten av merkar ein at det liknar vårt verkelege, men likevel er på sida: «Det er et menneske i huset», heiter det i den distanserte førstesetninga. Dette mennesket viser seg å vere Thomas, ektemannen til forteljaren Tara Selter.
Tara har tatt inn på gjesterommet i steinhuset deira i Clairon-sous-Bois, nord i Frankrike. Ho har hamna i ein kinkig situasjon: Tida har gått av hengslene, Tara vaknar til 18. november på ny og på ny, men ho har minne om dei gjentakande dagane og medvit om kvar nye dag som truar. Thomas (og tilsynelatande alle andre) vaknar derimot kvar morgon med nyvaska sinn og lever kvar 18. november som om det var den første. Avviket fører med seg presserande eksistensielle, men også relasjonelle problem. Balles roman handlar om tid, men også om kjærleik og einsemd.
Romanen opnar på 18. november #121, og Tara rullar først opp tida som har stått og gått: Ho har utforska det nye tilværet ei tid, forsøkt forklare situasjonen for Thomas. Det emosjonelle stresset med å informere og bli informert om tidskrisa kvar dag blir for hardt. For Tara er det enklast å styre unna Thomas, som har eit fast handlingsmønster, og i staden isolere seg. Ho nøstar i tidsfloken på eiga hand, byrjar å skrive ned dagane, «[f]ordi papiret husker».
Tara og Thomas er bokantikvarar, og Tara er på jobbreise då tida stoppar opp. Det gir henne større armslag, og romanen større romfang, men spenninga spelar seg like fullt ut på små flater: Kva skjer når Tara forflyttar seg til eit anna rom? Vil purra i hagen vere på plass att, dagen etter at ho plukkar den opp? Korleis er «dagens mekanikk»?
«Det er ei utprega litterær oppleving.»
Balle skildrar livet på utsida av tida med blikket festa til vanlege saker og ting. Mellom kvardagstinga dukkar det òg opp uvanlege gjenstandar, som raskt dreg merksemda til seg. Ein romersk sesterts (ein sølvmynt) spelar ei rolle – utan at det blir klårt på kva vis i første band. To fiktive, illustrerte bokverk frå 1700-talet stikk seg også ut: «The Heavenly Bodies» («Himmelske lekamar») og «Histoire des Eaux Potables» («Drikkevatnets historie»). Små gjenstandar rommar store mysterium i Balles bok.
Avautomatiseringa av kvardagsverda er effektfull i seg sjølv. Balle vekkjer medvit om «verdens utilregnelighet» på ein måte som smittar over på den tidsføreseielege verda vi lever i. Gjennom stillferdig spekulasjon blir verdsbiletet vårt ståande og dirre: «[…] mønstre og uregelmessigheter, to verdener som forsøkte å føye seg sammen».
«Om utregning av romfang» er ei utprega litterær oppleving: Balles sirlege språk gir imponerande raskt konsistens til den skipla eksistensen. Når ho lagar krøll på tida, gir ho også språket sitt verdsbyggjande funksjon: Naturlover, årsakssamanhengar må målast opp på ny, trinn for trinn, i eit univers som blir gradvis lysare, men likevel meir mystisk og klaustrofobisk.
Effekten av klaustrofobien og den kompakte mystikken stiller eg meg avventande til etter første band. Dette er openbert eit verk i emning. Eg les vidare for å sjå kva som skjer med Tara og tida, kva slags anomaliar som gøymer seg her, men også for å sjå korleis Solvej Balle brukar språket som lommelykt og gravereiskap, og vekselvis opplyser og undergrev fundamentet i den eksistensen vi kjenner som vår.