Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Hammer horror

Bill.mrk.: Rik og vakker filmstjerne søker partnar for kannibal-sex

Heilt sidan han spela Winklevoss-tvillingane (Mark Zuckerbergs forsmådde forretningspartnarar på Harvard) i «The Social Network» (2010), har Armie Hammer vore Hollywoods kroppsleggjering av velmanikyrert Ivy League-elite. Hammer var dessutan the real deal, som oldebarn av Armand Hammer, hovudaksjonær i Occidental Petroleum og ein av dei mektigaste amerikanarane i si tid.Den modellpene skodespelaren har fått fleire enn finans-klatrarar til å tenkja at ein skreddarsydd, solsikkegul dress, er noko ein kvar bør ha i garderoben. Og etter å ha spela Timothée Chalamets hjarteknusande begjærsobjekt i den solbakte, italienske sommarromansen «Call Me by Your Name» (2017) steig Armie Hammer opp i den kjønnsoverskridande fantasisfæren der filmstjerner kan bli ein erotisk draum for alt publikum, uavhengig av seksuelle preferansar i røynda.