Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kunnskapen om 1. september 1972 er meir enn ein kan fordøye.

Informasjonskrise

TRYKKSAKKAOS? Tor Åge Bringsværd (t.h.) og hans samarbeidspartnar Jon Bing var alt på 1970-talet opptekne av informasjonseksplosjonen. Her er dei i 1970. © FOTO: IVAR AASERUD/NTB Ivar Aaserud

«Det var en gang en mann (Ptk) som oppdaget at han var i ferd med å miste taket på virkeligheten». Slik byrjar Tor Åge Bringsværds mest kjende novelle, «Mannen som samlet på 1. september 1972».

For å orientere seg i «virkeligheten», så les Ptk aviser. Han «bestemte seg for å se hverdagen i øynene», så han forsøkte å lese alle Oslo-avisene laurdag 19. august. Men når han hadde byrja å få tak på denne dagen, hadde det alt vorte tysdag 22. august. Så, etter å ha kjempa i mot dei neste dagane der nyhenda vaks han heilt over hovudet, resignerte han; røynda sto fram for han som eit uhyre med mange hovud. Ved å hogge av eitt av hovuda og undersøke dette nøye, ville han «komme hele skapningen nærmere inn på livet». Han bestemte seg såleis for å samle på 1. september 1972.

Dette blir eit veldig omfattande arbeid som går over mange år der Ptk samlar på avisutklipp frå heile verda, heng dei opp på lettveggar rundt omkring i huset, skiftar husvære to gonger for å få betre plass. Han lærer seg nye språk for å skrive til aviser jorda rundt etter eksemplar av utgåvene deira frå den 1. september 1972. Ein dag er likevel uhellet ute og det tar fyr i avdelinga for sportsnyhende. Ptk, som nett har kome attende frå ein privattime i mongolske dialektar, blir hardt skadd i forsøka på å redde samlinga si. Han lever nokre år til etter dette, men han kjem aldri lenger enn til 1. september 1972: Nixon er framleis amerikansk president, det er stadig krig i Vietnam, han vil stemme nei ved folkerøystinga om medlemskap i EF og så bortetter.

Bringsværds novelle blei først publisert i ein engelsk science-fiction-antologi i 1973, på norsk i 1974 og i 1988 i den kjende antologien «The Book of Fantasy» redigert av mellom andre Jorge Luis Borges. Borges hadde alt vore død to år på den tida, men det er eit faktum som høver godt inn i den fantastiske litteraturens univers. Boka proklamerer med feite typar at ho alt hadde kome ut i 1937, to år før Bringsværd blei fødd, noko som fekk han til å forsøke å overtyde vennene sine, utan suksess, om at han hadde vorte publisert internasjonalt veldig tidleg.

No vel, det eg vil peike på ved denne novella, er at ho drar fram eit viktig tema i den tida ho blei skriven: Opplevinga av ein veldig auke i den mengda informasjon ein stod overfor. Ein tala om ein informasjonseksplosjon og endåtil informasjonskrise. Korleis kunne nokon klare å orientere seg i den rike mengda av trykksaker som kom ut kvart år? Korleis kunne ein fagperson halde seg oppdatert på sitt fagområde når talet publikasjonar auka raskare enn ein rakk å lese? Bringsværds ven og samarbeidspartnar, Jon Bing, hadde skrive om rettsleg informasjonskrise i «Lov og rett» i 1973. Alt i 1965 hadde Harald Tveterås, sjef for Universitetsbiblioteket i Oslo, skrive om dette temaet i det populærvitskaplege tidsskriftet Naturen.

«Verda har vorte eit stort bibliotek»

Sjølv om det alt på 1700-talet blei erfart at talet bøker auka kraftig over tid, og at ein på 1800-talet var klar over at samlingane til universitetsbiblioteka dobla seg med jamne mellomrom, så er det først i USA etter andre verdskrigen at dette blei opplevd som ei informasjonskrise. Opplevinga av krise kan truleg knytast til at mykje forsking gjennomført i USA under krigen blei nedgradert og dermed offentleg. Sjølve ordet «informasjon» fekk ei ny tyding. Før krigen var informasjon ein faktaopplysning om noko, gjerne skrive på papir. Med den matematiske informasjonsteorien blei informasjon noko som var koda om til signal som rørte seg gjennom eit medium. Norbert Wiener, ein av grunnleggarane av kybernetikken, såg på kontroll med informasjon som eit spørsmål om ein nasjons helse. Han frykta at god forsking ville drukne i overpublisering.

Ein byrja tidleg å tenkje på tekniske løysingar for å kunne finne fram i all denne informasjonen. Den sentrale ingeniøren og vitskapsadministratoren Vannevar Bush føreslo alt i 1945 ein skrivebordsliknande konstruksjon han kalla «memex», som skulle innehalde all slags informasjon i form av mikrofilm. Operatøren kunne søke gjennom mikrofilmen i memexen og merke av det som var interessant. I mange fagbøker er ein del av denne jobben alt gjort ved at boka har ein indeks, men ein indeks er hierarkisk ordna, medan den måten vi tenkjer på, er assosiativ og går på tvers. Idéen om ulike tversgåande koplingar er også ein tidleg formulering av det vi i dag vil omtale som hyperlenkjer.

Eit viktig element ved memexen var at Bush tenkte seg konstruksjonen som noko ein kunne ha på eit skrivebord, og at den i praksis erstatta fagbiblioteket. Denne tanken blei utvikla vidare av psykologen J.C.R. Licklider, som i 1965 skreiv ein rapport om korleis ein kunne utvikle eit digitalt «pro-kognitivt» system som kunne erstatte både det fysiske biblioteket og papirutgåvene av bøker og artiklar. Licklider er i ettertid mest kjend for å ha formulert idéar til det militære ARPANET, forlauparen for internett.

Dersom vi ser attende til Bringsværds novelle, så er det jo ikkje akkurat slutt på informasjonseksplosjonen i vår tid. Den er tvert om meir omfattande enn nokon gong før, med internettet som fungerer både som arkiv og digital søppelfylling. Internett har no over fem milliardar brukarar, som er noko fleire enn den totale globale folkemengda i 1972. Googles Pagerank-algoritme hjelper oss noko ved å skilje «viktige» sider frå «uviktige» sider ved å gje høgare vekt til dei sidene som det blir vist til frå andre sider. Dei uviktige sidene er der framleis, men dei går til botns i søka vi gjer.

I praksis gjer vi alle det som bibliotekarar og arkivarar gjorde tidlegare: Vi søkjer etter informasjon gjennom apparat som liknar på Bushs memex og Lickliders pro-kognitive system. Verda har vorte eit stort bibliotek, og akkurat dette er temaet for ei anna novelle som ikkje er skriven av Bringsværd denne gongen, men av Jorge Luis Borges sjølv.