Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ull er gull!

Det er dyrtid i Norge. Energi blir meir og meir etterspurd. Eg vil difor gje ull litt merksemd. Ull er kjekt av fleire årsaker. I samanheng med dyr straum, er det ekstra kjekt fordi ull vaskast med korte og kalde vaskeprogram og brukar mindre straum på å bli rein. Ull nyttast i fleire tekstilar og er genialt som materiale fordi det både held deg varm og dessutan leiar varme og fukt bort frå kroppen. Naturproduktet ull er og klimasmart då det i eit livsløp ikkje gjev søppel på dynga, som ikkje kan brytast ned. Tvert om, ulla kan brytast ned og gå tilbake i jorda, som igjen gjev grobotn for nytt gras og beite. Ull er gull!