Måndag 15. august overrekker Ytringsfridomskommisjonen si ferske utgreiing. Både før og under kommisjonen si arbeidsperiode har me sett mange debattar om ytringsklima, ytringskultur, hatefulle ytringar og ytringsfridomen til utsette grupper. Dette er viktige spørsmål. Debattane handlar i stor grad om dei faktiske føresetnadane for ytringsfridomen, og kva som kan hindre reell ytringsfridom.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Nå blir de sinte, ja
DebattKvinnesak
Interessant å sjå merksemda i media med opprørte kommentatorar etter Amnesty sin rapport om Ukraina. Ingenting galt i det, men mange kvinner har meldt seg ut av Amnesty for mange år sidan – sjølv melde eg meg ut i 2017 – på grunn av dei haldningane dei har til avkriminalisering av «sexarbeid», oppheving av lover som kriminaliserer kjøp av sex og «transkvinner er kvinner»-trua. Kvifor er det ikkje eit tilsvarande engasjement for kvinners liv, helse og tryggleik i media og mellom kommentatorar? Desse spørsmåla gjeld òg kvinner i Ukraina og overalt elles i verda. Nok eit prov på at kvinner ikkje tel.