APEKOPPAR: Folkehelseinstituttet (FHI) har tilrådd at Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) vurderer om apekoppar skal klassifiserast som allmennfarleg smittsam sjukdom. – Hovudårsaka til at vi gir denne tilrådinga, er at det vil sikre pasientar med apekoppar viktige rettar så som gratis konsultasjon, testing og behandling, skriv assisterande direktør i FHI Geir Bukholm i ei pressemelding. På bakgrunn av tilrådinga har HOD fredag sendt ut eit forslag på høyring om å endre forskrift om allmennfarlege smittsame sjukdommar, slik at apekoppar blir klassifisert som ein allmennfarleg smittsam sjukdom, opplyser departementet fredag. ©NTB