Betaler leige med arbeid
Fleire tilbyr redusert leige mot arbeid i heimen:

«Mulighet for redusert leie mot husarbeid, og etterhvert barnepass også hvis det blir bygd nok tillit for det.»
Utdraget er frå ei annonse på nettmarknaden finn.no, der ein familie leiger ut eit rom. Annonsen seier ingenting om kor mykje leiga blir redusert med eller kor omfattande arbeidet er, men leigetakar kan bøte med eiga arbeidskraft for å få billigare leige.
Klassekampen har funne fleire annonsar på finn.no der ein kan betale leiga med arbeid.
Det kan vere å gå tur med hundar, passe barn, vaske og stelle i heimen, lage mat eller stelle dei eldre.
Pressa utleigemarknad
Det finst ingen tal på kor mange som leiger ut på denne måten, men ifølgje Leieboerforeningen er det stadig fleire som tilbyr redusert leige mot arbeid. Juridisk konsulent Lotte Bruun seier dette er resultat av ein pressa utleigemarknad.
– Det som er vanskeleg, er at huseigar kan krevje kva dei vil, og dei veit at folk er villige til å godta mykje, seier ho.
I Klassekampen i går sto det at samtidig som det er 45 prosent færre tilgjengelege leigebustader, har talet på dei som leiger, stige med 1 prosent siste året.
Ifølgje husleigelova kan ein betale for husrom ved tenester og arbeid. Avtalen må derimot vere rimeleg sett opp mot marknadspris.
– Dette er marknadsleige, og det handlar om kva marknaden er villig til å betale. Så pressa som marknaden er no, er folk villige til å betale mykje, seier Bruun i Leieboerforeningen.
Med andre ord blir arbeidsprisen blir sett ut frå leigemarknaden. Dess dyrare leigepris, dess meir arbeid kan ein krevje for leiga.
Skeivt maktforhold
Bruun seier foreininga har blitt kontakta av folk som har fått problem, enten i leigeforholdet eller arbeidsforholdet, etter å ha inngått denne typen kontraktar.
– Går ein desse typar avtalar i saumane, ser ein at arbeidstakar sel seg veldig billig. Minsteløn for reinhaldsarbeidarar er nesten det dobbelte. Som leigetakar må ein stille seg spørsmålet om dette er ei løn ein ville godtatt på arbeidsmarknaden, og utleigar burde spørje seg det same, seier Bruun.
Ho legg til at det er mange gråsoner og fallgruver sjølv om det stort sett er lovleg.
– Kva skjer om det blir ei usemje eller konflikt? Kven bestemmer når arbeidet skal skje, eller kvaliteten på det? Som leigetakar kan ein ende opp i ein arbeidssituasjon som er mykje meir omfattande enn utgangspunktet, seier Bruun.
Husarbeid og barnepass
I ei annonse på finn.no tilbyr eit advokatpar redusert husleige med 5000 kr i månaden mot at leigetakar utfører «12 timer i uken med husarbeid (passe barn, matlaging, vaske hus og klær, osv.)» Grovt rekna blir timeløna i dette tilfellet på litt over 100 kr.
Vidare står det at leigetakar bør vere tilgjengeleg minst tre dagar i veka frå 15.00–17.30 og nokre timar annakvar helg.
I ein e-post til Klassekampen skriv utleigarane, som vil vere anonyme, at dei har vore obs på fallgruver, og at dei i forkant gjorde undersøkingar i husleigelova og på Skatteetaten og Arbeidstilsynet sine nettsider.
Klassekampen har fått sjå ei liste over førte arbeidstimar som viser at leigetakar ikkje har jobba over det som er avtalt. Om leigetakar jobba mindre, ville ikkje det gå ut over leigereduksjonen, ifølge utleigarparet.
«Så vidt vi vet er dette en ordning som flere bruker og som har vært brukt i mange år i ulike former. Til orientering benytter vi et renholdsfirma for bistand til å vaske huset.» skriv dei.
Stell av eldre
Ei annonse gir tilbod om redusert leigepris på mellom 3000 og 6000 kroner mot at leigetakaren tar vare på ein eldre mann. Leigetakar vil bu i eit bufellesskap med han og dottera hans.
Dottera, som ikkje vil ha namnet sitt i avisa, seier til Klassekampen at ho har prøvd å få tak i hjelp frå kommunen, men etter avslag såg ho dette som beste løysning.
– Eg er ikkje veldig tilgjengeleg, og pappa treng nokon som lagar frukost lunsj og middag, og kanskje vasking. Eg tenkte dette kanskje kunne passe for nokon som ikkje hadde mykje pengar, og som trengde billigare leige, seier ho.
Ap: Problematisk
Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet Even Røed seier at utviklinga ikkje er bra.
– Dette luktar av aupair-ordninga, som vi har fjerna av ein grunn. Det er problematisk om leigekontraktar blir brukt for billig arbeidskraft.
Han meiner det er fare for skeive maktforhold med lite regulering av arbeidet, om ein inngår slike kontraktar.
– Vi treng ein aktiv bustadpolitikk så vi ikkje får tenestepiketendensar i Noreg. Det er det fare for om vi tillét denne type formuleringar, seier Røed og held fram:
– Det er forskjell på å måke snø for ein eldre utleigar, og å ha store oppgåver i heimen. Då minner det meir om ei au pair- eller tenestepikeordning. Arbeid skal regulerast som arbeid.