Tilbake til «Jane»?
Ei obligatorisk historie om USAs kvinnenettverk for undergrunnsabortar.

(USA, 2022)
Regi: Tia Lessin og Emma Pildes
Sjanger: Dokumentar
Lengde: 1 t 37 min.
Vist på: HBO Max
3. mai 1972 vart sju kvinner arresterte av mordetterforskarar(!) i Chicago-politiet, mistenkte for samansverjing med føremål å utføra illegale abortar. Mistanken var velgrunna. Dei mannlege mordetterforskarane sleit likevel først med å forstå kva og kven dei hadde med å gjera. Eit tips førte dei til ein rassia mot ei privat leilegheit, men der aula det av leikande barn og sømeleg småpratande kvinner, og lukta av svinesteik lokka frå kjøkenet. Korleis kunne det skje abortar her, det fanst jo ingen lege (altså: mann) på staden?
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent