Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Hjulet

  • Mens eg stirer ut av vindauget stirer eg samtidig inn i refleksjonen av mobilen til passasjeren framfor meg. Han sender skrollehjulet av garde på Instagram, men lukkar appen før det stoppar. Han opnar Snapchat, ingenting nytt, opnar likevel ein samtale, lukkar appen. Opnar Facebook, lukkar Facebook. Opnar Instagram, sender skrollehjulet av garde. Det kan virke som at hjernen står fast i ei grøft, mens hjulet surrar og går. Det er fort gjort og ikkje eit ukjend scenario.